Gratis fagkurs for ledige sikkerhetsingeniører

September 8, 2015 News

Det er vanskelege tider i oljå akkurat no. Vi i OTG har også ledige ingeniører og vi ynskjer å bruke desse positivt til å arrangere faglege kurs for kollegaer som er permitterte/ledige. Vår tanke er at dette kan vere vårt bidrag til å:

  • Gje ledige ein arena for å halde seg oppdatert fagleg og sosialt
  • Dele vår kompetanse og bidra til at kompetansen i oljå ikkje blir svekka pga denne krisa
  • Bidra til at våre eigne tilsette og kollegaer i andre selskap kjem seg gjennom ein lei periode ved å skape ein sosial og fagleg møteplass

Vårt første kurs i haust blir: Brann & gassdeteksjon

Kontaktperson: Ivar Bergset/40401709